Månad: september 2014

Mistborn – The Final Empire

Dagens dusj blei utsett med tre timer på grunn av denne boka. Hygiene måtte vika for bok-nom.

Nuvel, til saken:

Mistborn – The Final Empire er skrevet av Brandon Sanderson, som mellom anna kjent for å ta over pennen etter Robert Jordan for å fullføra The Wheel of Time serien (Tidshjulet på norsk).  No til hausten kjem han med  Skin Deep, som er bok nr 2 i Legion-serien. Det er i det heile overhengande fare for fleire bok-myldringar om tittlar frå Sanderson, då han er ganske produktiv når det gjeld bok-nom.

The Final Empire er fyrste tittelen i den originale, og avslutta, Mistborn trilogien. Min kopi ser slik ut:

Mistborn_The Final Empire

Det har allereie kome to bøker i ein ny Mistborn trilogi, og siste bok er venta neste år. Denne nyaste trilogien er sett omlag 300 år etter galskapen i den originale trilogien.

Ja, for du må ha ei skrue som i alle fall heng litt på halv tolv for å eigenhendig gå inn for å drepa ein gud og velta eit imperium som har vart i tusen år. Under store delar av boka var eg noko usikker på om eg skulle heia på Kelsier, som då er namnet på den karakteren som har fått dette for seg, eller vera bekymra. Eg endte opp med ei blanding av dei to, og vil ikkje gå noko nærmare inn på kvifor, då spoilers er dødssynd nummer EIN!

Minst like interessant er Vin, som på mange måter er bokas eigentlege protagonist, eller hovudkarakter. Når ho blir introdusert er ho ein del av ein gjeng halv-kompetente tjuvar og svindlarar, og er midt i tenåra, kynisk og åleine. Etter visse begivenheter fører til at ho blir ein del av Kelsier sin gjeng, har ho ei veldig utvikling som karakter og er heilt klart ein av dei faktorane som gjer boka bra, etter mi meinging.

I det heile har Sanderson klart å bygga ein interessant verden i The Final Empire, som i alle fall gjorde meg nysgjerrig, samstundes som karakterane har dybde og handlinga har ein god driv med snodige vendigar og side-plots som utgjer ein tilfredsstillande heilskap. Eg storkoste meg, og anbefaler uten problem denne boka til alle som likar fantasy. Go for it!

Denne boka har eg kjøpt sjølv. 🙂

Til slutt, ein liten sang som eg synes står godt til boka, for dei som er interesserte i det:

Advertisements

Bøker på vent

Eg har lånt med meg to teikneseriar frå biblioteket:

Biletet er henta frå prisguide.no
Biletet er henta frå prisguide.no
Biletet er henta frå amazon.com
Biletet er henta frå amazon.com

Begge er teikneserieversjonar av bøker eg har lest før, som då er Det Mørke Tårn av Stephen King og A Game of Thrones Av George R. R. Martin. Eg har i seinare tid fått augene opp for teikneserieformatet, og gler meg til å sjå korleis historiane gjer seg i eit nytt format.

Jon Demon Toer’n

 

Eg dreiv å rydda nokre bøker tilbake på hylla på jobb, då ei 5-7 klassebok fanga blikket mitt. Hm, denne har eg ikkje sett før! Det viste seg å vera Jon Demon – Toer’n av Reidar Kjelsen. Den ser slik ut:

Jon Demon
Biletet er henta frå svinepelsen.no, som er Reidar Kjelsen si heimeside.

 

Eg har ein fasinasjon  for okkulte og religiøse tema og element i bøker, så denne tenkte eg kunne vera noko for meg. At det er ei barnebok er inga hindring!

Jon Demon Toer’n er bok nummer to i ein bokserie om Jon Demon, som faktisk er ein liten demon, eller «jævel», som han og ofte blir kalla. Denne gongen har Jon fått for seg at han vil bli snill, noko som ikkje er heilt lett når du er ein demon. Teksten bakpå boka oppsummerar dette ganske greit:

«Jon Demon vil bli snill.

Han vil gjerne ha Gud på sin side, men hvilken gud er den riktige?

Og hvem er denne Hare Kristian?

Det er ikke lett å være søt liten jævel når ulvene sluker alt og lemen går i lufta på alle kanter…»

Etter å ha blitt kviskra i øyra av denne Hare Kristian (som faktisk er ein hare) reiser Jon Demon opp til overflateverda for å bli snill. Han møter nok av utfordringar på vegen, mellom anna i form av ulver som drikk blod mens dei feirar Vardøger, eller blodklubb, og sinte lemen med bandasje på hovudet som har ein tendens til å gå i lufta (bokstaveleg talt) ved den minste provokasjon.

Etter å ha lest boka, sit eg igjen med blanda kjensler. Den meir puritanske delen av meg lurer litt på kva kjønnsorgan, rumpehull, sjølvmordsbombing og tildels blasfemiske karikeringar av religøse skikkelser har i ei barnebok å gjera, mens resten av meg tek spøken og ler høgt (opptil fleire gonger).

Eg sit å lurer på om eg kan få meg til å anbefala denne for ein 5.klassing, samstundes som det at eg opplever den som litt på kanten nok er med på å gjera at humoren fungerer så godt, for min del. Ein skal heller ikkje undervurdera kva barn kan klara å forhalda seg til.

I sum vil eg seia at dette er ei særdeles underhaldande bok, som eg ikkje har problem med å anbefala både til større barn og til vaksne med det rette sinnelaget, då me lev i ei tid der me tåler litt harselering med slike tema.

Kva synest du om bøker med eit slikt skråblikk på meir alvorlege tema? Del gjerne meininga di i kommentarfeltet. 🙂

Boka har eg lånt på biblioteket.