Månad: oktober 2014

Bok-fangst frå Outland!

For eit par veker sidan var eg og mannen min på handletur i Stavanger, og då måtte me naturlegvis ta turen innom Outland, som er min favorittbutikk over alle i heile Noregs land.  Om du ikkje kjenner til Outland, så er det ein bokhandel som spesialiserar seg på fantasy, sci-fi, teikneseriar og fandom-effektar, altså effektar frå diverse bøker, filmer og tv-seriar. Eit skikkeleg nerde-mekka med andre ord! 🙂

Eg har lenge bannlyst meg sjølv frå å gå inn på Outland av økonomiske grunner, då det er plent umogleg for meg å gå inn der uten å kjøpa noko. Det er hyllemeter på hyllemeter med freistingar, og viljestyrken er ikkje sterk nok. No har lønningsposen min vakse siden eg skifta jobb, og Outland-forbodet er herved oppheva!

Dessuten var årets bursdagsgåve frå mannen min å ta meg med på Outland, der eg kunne få plukka det eg ville ha opp til eit visst beløp (JIPPI! :D). Dette var det eg endte opp med:

Oktober-fangst frå Outland i Stavanger
Oktober-fangst frå Outland i Stavanger

Words of Radiance av Brandon Sanderson 

Bok to i Stormlight Archive-serien. Her snakkar med massiv, episk fantasy, som både har interessante karakterar og ein fascinerande verden.

Denne hadde eg faktisk frå før, men omslaget matcha ikkje eineren i serien. Så ja, eg kjøpte faktisk boka ein gong til i ny versjon, berre for at omslaga skulle matcha. *rødme*

Dette er ei bok som har stått på hylla siden den kom ut tidlig i år. Eg har ikkje hatt energi til å ta fatt på slik ei massiv bok på grunn av jobb, eksamen og bryllup. No skal den lesast i jula, eg gler meg!

Walking Dead Book One

Fyrste bind av ein samleversjon av Walking Dead tekneserien med hard innbinding. Dette trur eg er like mykje ein gåve til mannen min, som er hekta på tv-serien som er basert på denne teikneserien.

Zombiar og overleving, med varierande suksess! I motsetning til min mann, har eg berre sett sesong ein av tv-serien. Eg trur eg får meir glede av teikneserien. Bøker er best!

The Whatnot av Stefan Bachman

The Whatnot er oppfølgaren til The Peculiar (eller Oddingen på norsk), og er ei barnebok som kan skildrast som ei blanding av steampunk og fantasy. Eg lånte Oddingen, altså bok ein i serien, på biblioteket i fjor, og likte den veldig godt. Eg gler meg til å lesa denne! 🙂

Råta av Siri Pettersen 

Må tilstå at denne har eg allereie lest ut, og det kjem ein omtale av den her på bloggen om ikkje altfor lenge. Kort fortalt er dette bok to i Ravneringene-serien, som er ein norsk fantasy serie med ungdom som målgruppe. Likevel vil eg påstå at om du liker fantasy, trur eg du vil lika denne serien uansett kor gammal du måtte vera. 🙂

Deadpool Complete Collection Volume 1

Nok ein teikneseriesamling, men denne gongen av superhelt varianten. Eller rettare sagt, antihelt varianten. Deadpool er ein antihelt i Marvel universet, og har tilnamnet «The merc with a mouth». Han skulle bli ein ny Wolverine, men noko gjekk gale under prosessen. Resultatet blei ein rappkjefta kar med meir enn ei skrue laus, og med ein imponerande regenereringsevne. Særs underhaldande etter mi meining!

Speaker of the Dead av Orson Scott Card

Denne kjøpte mannen min til seg sjølv, men eg kjem nok til å lesa den etter han. Dette er bok to i Ender Saga, ein sci-fi-serie, der fyrste boka er Enders Game. Her likte eg og godt bok ein, og ser fram til å lesa neste i serien.

Dette blei ein bokfangs hovudsakleg beståande av oppfølgjarar i seriar eg likar, eg håper likevel at det var noko her som kunne behaga deg, kjære lesar. 🙂

Advertisements

Boka på vent: Ulvejakt av Hilary Mantel

boken på vent

Ikkje så fælt mykje igjen av tirsdagen no, men eg når det visst akkurat. For tirdag er framleis dagen for Boken på vent hjå Beathes Bokhylle, der ein kan skriva litt om ei bok som ein ynskjer å formidla vidare, enten den er blitt ståande på hylla ei stund, eller er relativt nyoppdaga.

Ulvetid

Vekas boka på vent hjå meg tilhøyrer nok den første kategorien, og er Ulvetid  av Hilary Mantel. Eg kjøpte Falkejakt, som er bind to i serien, på eit «hyllerensk»-salg ein gong i fjor. Dermed måtte eg også anskaffa meg Ulvetid, som då er bind ein, men har altså ikkje kome så langt at eg har fått lest den ennå.

Litt rart i og med at eg har ein fascinasjon for Tudor-tida, som er den epoken denne boka er sett i. Me snakkar altså om ein historisk roman sett til det britiske hoffet på 1500-talet, med Thomas Cromwell som hovudperson. Nam!

Forøvrig vant Hilary Mantel Man Booker prisen for denne romanen i 2009. Må verkeleg få lest den snart.

Korleis er det med deg? Liker du historiske romanar? 🙂

Smakebit på søndag 26 Oktober

Biletet er frå gronneskoger.blogspot.no
Biletet er frå gronneskoger.blogspot.no

I dag er ein slik sur vera-inne-og-spela-dataspill-og-lesa-dag. Ikkje så uvanleg i slutten av oktober. Gjekk tur på stranda med hunden tidlegare i dag, eg frys framleis.

Men til saken!

ColorlessTsukuru

I vekas Smakebit på søndag blir det Murakami! Nærmare bestemt Colorless Tsukuru Tazaki and his years of pilgrimage, som kom ut tidlegare i år. Denne boka er eg faktisk nettopp ferdig med, men eg vil gjerna gjeva deg ein smakebit frå den likevel.

Eg er nemleg fan av Haruki Murakami. Kafka på stranden er ein av mine favorittbøker, og 1Q84-trilogien var også awesome, særleg dei to siste binda. Uten å røpa for mykje vil eg påstå at Colorless Tsukuru Tazaki and his years of pilgrimage  har fengande element både for lesarar som likar best Kafka-delen av forfattarskapet til Murakami, og for dei som heller meir mot Norwegian Wood. Har du ikkje lest noko av Murakami før, trur eg ikkje dette er ein dum plass å byrja, men anbefalar absloutt å få med seg Kafka på stranden og Norwegian Wood.

Smakebiten er frå eit godt stykke ut i boka (s. 192-193). Eg blei ekstra sjarmert av denne pasasjen, og håper du også vil lika den. Nemner ikkje noko om konteksten, då det vil røpa for mykje av handlinga.

«While I was swimming in the pool the other day, I was thinking about all kinds of things. About you, about Helsinki. I’m not sure how to put it, maybe like swimming upstream, back to my gut feelings.»

«While you were swimming?»

«I can think well when I’m swimming.»

«Sara paused for a time, as if impressed. «Like a salmon.»

«I don’t know much about salmon.»

«Salmon travel a long way. Driven by something.» Sara said. «Did you ever see Star Wars

«When I was a kid.»

«May the force be with you,» she said. «So you don’t lose out to the salmon.»

«Thanks. I’ll be in touch when I get back from Helsinki.»

«I’ll be waiting.»

She hung up.

Frå forlaget:

Tsukuru Tazaki had four best friends at school. By chance all of their names contained a colour. The two boys were called Akamatsu, meaning ‘red pine’, and Oumi, ‘blue sea’, while the girls’ names were Shirane, ‘white root’, and Kurono, ‘black field’. Tazaki was the only last name with no colour in it.

One day Tsukuru Tazaki’s friends announced that they didn’t want to see him, or talk to him, ever again.

Since that day Tsukuru has been floating through life, unable to form intimate connections with anyone. But then he meets Sara, who tells him that the time has come to find out what happened all those years ago.