Juni og jotnene – Ein smakebit på søndag 8.3.2015

smakebit-på-søndag-300x199

Hei og hå, endeleg eit livsteiken frå bibliotekdama!

Smakebiten denne søndagen er frå ein søt, ny fantasy for mellomtrinnet av Sissel Chipman, med tittelen Juni og jotnene.

wpid-wp-1425807236801.jpg

Det som fyrst fanga interessen min ved denne boka var det flotte omslaget. Baksida er heller ikkje så verst:

wpid-wp-1425807205957.jpg

Juni og jotnene følger me dei tre meter høge jotnene Målfrid og Tora og menneskejenta Juni. Målfrid og Tora tener til livets opphold ved å nytta menneskeborn og ein dyrehjelper i eit rituale som skaffer dei etterspurte, om enn lyssky, varer. Når Målfrid klarer å mista menneskejenta deira under eit slikt rituale, og gjelda er høg, må dei ta grep sjølv for å skaffa eit nytt menneske. Eg røper ikkje for mykje når eg seier at Juni ender opp i nærkontakt med jotnene.

Smakebiten er henta frå side 11 og 12, og Målfrid har nettopp fortalt søstera Tora at ho har mista mennesket og dyrehjelperen i ritualet:

«…- Så vi blir nødt til å betale for både en ny jente og en ny dyrehjelper.

– Kanskje… begynte Målfrid.

– Tora myste spørrende på henne. – Kanskje hva? Målfrid tvinnet fingrene. – Kanskje vi kunne fange en selv denne gangen? Jeg føler alltid at Gunnar Hikkmop flår oss med prisene han forlanger.

Tora snøftet foraktelig. – Og hvordan skulle vi fange en jente selv? Bygge et pepperkakehus?

Målfrid trakk på skuldrene. – Vi kunne lokke med en pen ponni?»

Eg liker humoren i boka så langt, og ser fram til å lesa den ferdig.

Om du vil lesa fleire slike smakebiter, er det berre til å stikka innom Flukten fra virkeligheten.

Og sist, men ikkje minst, gratulerar med kvinnedagen! 🙂

Advertisements

9 tankar på “Juni og jotnene – Ein smakebit på søndag 8.3.2015

  1. Jeg må lese den ser jeg 🙂 Jeg regnet med at vi hadde den på jobb så nå er den bestilt.
    Kan du minne meg på hva den heter den dystopien du sa jeg måtte lese?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s