The Bone Season – Ein smakebit på søndag 22. Mars

smakebit-på-søndag-300x199

Det er helg, det er søndag, og det er tid for nok ein smakebit hjå Flukten fra Virkeligheten.

Denne søndagen ynskjer eg å gjeva deg ein smakebit frå ein personleg favoritt, nemleg The Bone Season av Samantha Shannon.

The_Bone_Season_cover

Eg leste denne for fyrste gong då den kom ut på norsk hausten 2013, då med tittelen Drømmegjengeren, og les den no opp att på engelsk. Om noko, så liker eg den enda betre i original språkdrakt, og anbefalar deg å lesa den på engelsk, om du har høve til det.

The Bone Season er i mine auge ein hybrid av dystopisk sci-fi og fantasy, med sitt utspring i eit framtidig totalitært London, men med element som overnaturlige evner og vesen frå andre dimensjonar. Over det heile er eit snev av alternativ historie, då vår historie og dette universets historie skil lag i løpet av 1800-talet.

I boka følgjer me hovudpersonen, Paige Mahoney, som har evnen til å skilja sinnet frå kroppen og nytta det til å lesa, påvirka og til og med skada andre levande skapningar, i møte med eit samfunn der all form for overnaturlegdom er forbode og straffbart. Smakebiten er opningsparagrafen i boka:

«I like to imagine there were more of us in the beginning. Not many, I suppose. But more than there are now.

We are the minority the world does not accept. Not outside of fantasy, and even that’s blacklisted. We look like everyone else. Sometimes act like everyone else. In many ways, we are like everyone else. We are everywhere, on every street. We live in a way you might consider normal, provided you don’t look too hard.

Not all of us know what we are. Some of us die without ever knowing. Some of us know, and we never get caught. But we’re out there.

Trust me.»

The Bone Season er den fyrste i ein serie på 7 romanar (noko som gjer meg veldig, veldig glad), og nummer to, The Mime Order, er ute no.

Advertisements

17 tankar på “The Bone Season – Ein smakebit på søndag 22. Mars

  1. Jeg har både denne og oppfølgeren i bokhylla mi og må med skam melde at jeg ikke har lest noen av dem 🙂 Det er bare det der med mange bøker og fulle hyller osv. Jeg har absolutt tenkt å lese dem 🙂 Ønsker deg en fin søndag!

    Likar

    1. Takk, i like måte, Astrid! 🙂 Eg liker i alle fall denne godt, men trur diverre at den har drukna litt blandt alle andre dystopier med ung, kvinnelig hovudkarakter der ute. Håper du også liker den! 🙂

      Likar

  2. Hm, høres veldig interessant ut. Ganske omfattende serie, hvis det skal bli sju romaner. Men beskrivelsen din av boken var veldig interessant, så jeg tenker jeg fører opp denne på leselisten min 🙂 Ellers enig med deg i at bøker er best på originalspråket!

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s