The Left Hand of Darkness av Ursula K. Le Guin

LeGuinLeftHand

Dette var mitt fyrste møte med Ursula K. Le Guin, og det blir nok ikkje mitt siste!

Ursula K. Le Guin
Ursula K. Le Guin

I min utgåve frå 2000, har forfattaren skreve eit forord som eg anbefalar alle som kan lika sci-fi å lesa. Eg skal ikkje gå i dybden på det, men ho nemnar mellom anna science fiction som eit slags tankeeksperiment, og det er nettopp dette «tenk om» som er ein av hovudgrunnane til at eg likar sjangeren så godt.

The Left Hand of Darkness må absolutt kunne seiast å vera eit slikt tankeeksperiment. Me treff Genly Ai, som er ein utsending frå Ekumen, ein intergalaktisk koalisjon av menneskebebodde planeter, til den steinkalde planeten Gethen. Målet med Genly sitt opphald på kloden er å overbevisa dei makthavande om og slutta seg til denne intergalaktiske koalisjonen, med ikkje så reint liten risiko for eige liv og helse. Det politiske farvannet på Gethen er ikkje nødvendigvis lettare å navigera enn i meir heimlege trakter, snarare tvert om.

Genly sin streben etter å nå fram til den politiske leiinga på planeten er likevel, etter mi meining, meir eit bakteppe for romanen enn eit hovudmoment. Det som for meg fekk boka til utmerka seg var møtet med det gethenske(?) samfunnet og kulturen, og ikkje minst dei innfødte på planeten. Menneskene på denne planeten er nemleg tvekjønna og totalt androgyne for det meste av tida. I staden for har dei ein slags løpetidssyklusar som kan samanlignast med den kvinnelege mensturasjonssyklusen. Før dei går inn i kemmer, som er den kjønnsaktive fasen av syklusen, er dei meir eller mindre kjønnslause. Når dei går inn i kemmer får dei feminint eller maskulint kjønn heilt vilkårlig og kjønnet forsvinn igjen når kemmer er ferdig, noko som gjer at kjønnsidentitet er fråværande på planeten. Dette gjer igjen at samfunnet deira skil seg frå vårt på særs interessante måter. Kva slags måter spør du? Les boka. 😉

The Left Hand of Darkness kom ut i 1969, og vant både Hugo og Nebula awards for beste roman (begge høgthengande priser innan sjangeren). Boka er ein del av the Hainish Cycle, som er ein serie bøker av same forfattar, men mi oppleving var at det gjekk heilt fint å lesa romanen utan å ha lest andre bøker i serien. Boka gav heilt definitivt meirsmak, så eg kjem nok til å lesa fleire titlar i serien.

The Left Hand of Darkness er herved anbefalt av Bibliotekdama!

Boka har eg kjøpt sjølv, og lest i ebok-format. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s