Kategori: Bibliotek-fangst

Tittlar eg har lånt med meg heim frå biblioteket

Vekas fangst frå biblioteket

I tilfelle namnet på bloggen og tidlegare innlegg ikkje allereie har røpt det, arbeider eg altså ved eit bibliotek. Ein av frynsegodene, eller kanskje risikoane, ved å ein slik snopebutikk av ein arbeidsplass, er at det er veldig lett å dra med seg bøker heim. Gjerne stablar av dei. Faktisk er det ei øving i sjølvkontroll å ikkje enda opp med å låna fleire bæreposer med bøker i veka.

Uansett, vekas fangst blei slik:

Vekas fangst
Vekas fangst

Det er då snakk om 5 papirbøker og 3 lydbøker.

Papirbøkene i tilfeldig rekkefølge:

wpid-img_20141004_160340.jpg
Bøker kan også stablast

1. Ett sekund om gangen av Sofia Nordin

Dette er ei ungdomsbok, type post-apokalyptisk. Ein post-apokalytpisk roman føregår i ei framtid der ting har gått frykteleg gale, og me følger ein eller fleire personar sin kamp for å overleva etter katastrofen.

I dette tilfellet er katastrofen ein sjukdom som på langt nær har utsletta jordas befolkning, og me følger Hedvig, som har mista alle rundt seg, i sin søken etter andre overlevande.

Eg er glad i denne sjangeren, då slike romanar ofte tek føre seg menneskets psyke i ekstreme situasjonar, gjerne iblanda litt samfunskritikk. Er spent på kor mykje eg får av slikt i denne tittelen.

2. Bli kvitt brunskogsneglen av Tom Egeberg Hvål

Hagen vår har vore hardt angrepe av desse sneglane i år, difor eg har store planar om å lesa denne boka, slik at eg kanskje kan vinna kampen neste år.

3. Zombie Nation av Øystein Stene

Forlaget skildrar denne boka som «en alternativ konspirasjonsteori, en gotisk thriller og en eksistensiell zombieroman.»

You had me at «eksistensiell zombieroman». Det dukker nok opp ein omtale av denne på bloggen ved eit seinare tidspunkt

4. I morgen forsvinner jeg litt til av Laila Sognnæs Østhagen

I denne romanen treff me Signe, ei dement, eldre kvinne som bur på gamleheim. Det ser ut som romanen er skreve frå Signe sitt synspunkt, noko som fenga meg. Demens er eit sårt og viktig tema, og eg er spent på korleis det blir grepe an her.

5. Jeg er ei kommunistkjerring! av Dan Lungu

Kven kan vel motstå ein slik tittel? Her er me i Romania, før og etter den rumenske revolusjonen som førte til kommunismens fall i 1989. Fokuset er på korleis, og om, dette har påvirka vanlege menneskers liv.

Eg likar bøker som kan læra meg noko, og gjeva meg innsikt i eit samfunn og ei tid eg veit lite om. Eg har aldri lest noko om Romania før, eller av ein rumensk forfattar, så difor blei denne boka med heim.

Lydbøkene

Lydbøker kan settast opp til utstilling
Lydbøker kan settast opp til utstilling

To av desse er bok nr 4 (Journal 64) og 5 (Marco-effekten) i serien om avdeling Q av Jussi Adler-Olsen. Desse vil ikkje skriva så mykje om akkurat no, då eg vil veta minst mogleg før eg høyrer dei. Eg har likt dei førre tittlane i serien godt, og anbefalar denne dersom du vil ha krim med humor, og som ikkje er altfor bestialsk.

Gregor og de hemmelige tengene er bok nr 4 i serien om Gregor i Underlandet av Suzanne Collins, som også er forfattaren av Hunger Games-serien (Dødslekene). Gregor bur i New York, og under byen er Underlandet, med merkelege mennesker og snakkande rotter og flaggermus, som av ein eller annan grunn ofte er i ein krisesituasjon som Gregor må hjelpa dei ut av.

Det var det heile for denne gongen. Talast!