Kategori: Bok-shopping

Tittlar eg har kjøpt

Bok-fangst frå Outland!

For eit par veker sidan var eg og mannen min på handletur i Stavanger, og då måtte me naturlegvis ta turen innom Outland, som er min favorittbutikk over alle i heile Noregs land.  Om du ikkje kjenner til Outland, så er det ein bokhandel som spesialiserar seg på fantasy, sci-fi, teikneseriar og fandom-effektar, altså effektar frå diverse bøker, filmer og tv-seriar. Eit skikkeleg nerde-mekka med andre ord! 🙂

Eg har lenge bannlyst meg sjølv frå å gå inn på Outland av økonomiske grunner, då det er plent umogleg for meg å gå inn der uten å kjøpa noko. Det er hyllemeter på hyllemeter med freistingar, og viljestyrken er ikkje sterk nok. No har lønningsposen min vakse siden eg skifta jobb, og Outland-forbodet er herved oppheva!

Dessuten var årets bursdagsgåve frå mannen min å ta meg med på Outland, der eg kunne få plukka det eg ville ha opp til eit visst beløp (JIPPI! :D). Dette var det eg endte opp med:

Oktober-fangst frå Outland i Stavanger
Oktober-fangst frå Outland i Stavanger

Words of Radiance av Brandon Sanderson 

Bok to i Stormlight Archive-serien. Her snakkar med massiv, episk fantasy, som både har interessante karakterar og ein fascinerande verden.

Denne hadde eg faktisk frå før, men omslaget matcha ikkje eineren i serien. Så ja, eg kjøpte faktisk boka ein gong til i ny versjon, berre for at omslaga skulle matcha. *rødme*

Dette er ei bok som har stått på hylla siden den kom ut tidlig i år. Eg har ikkje hatt energi til å ta fatt på slik ei massiv bok på grunn av jobb, eksamen og bryllup. No skal den lesast i jula, eg gler meg!

Walking Dead Book One

Fyrste bind av ein samleversjon av Walking Dead tekneserien med hard innbinding. Dette trur eg er like mykje ein gåve til mannen min, som er hekta på tv-serien som er basert på denne teikneserien.

Zombiar og overleving, med varierande suksess! I motsetning til min mann, har eg berre sett sesong ein av tv-serien. Eg trur eg får meir glede av teikneserien. Bøker er best!

The Whatnot av Stefan Bachman

The Whatnot er oppfølgaren til The Peculiar (eller Oddingen på norsk), og er ei barnebok som kan skildrast som ei blanding av steampunk og fantasy. Eg lånte Oddingen, altså bok ein i serien, på biblioteket i fjor, og likte den veldig godt. Eg gler meg til å lesa denne! 🙂

Råta av Siri Pettersen 

Må tilstå at denne har eg allereie lest ut, og det kjem ein omtale av den her på bloggen om ikkje altfor lenge. Kort fortalt er dette bok to i Ravneringene-serien, som er ein norsk fantasy serie med ungdom som målgruppe. Likevel vil eg påstå at om du liker fantasy, trur eg du vil lika denne serien uansett kor gammal du måtte vera. 🙂

Deadpool Complete Collection Volume 1

Nok ein teikneseriesamling, men denne gongen av superhelt varianten. Eller rettare sagt, antihelt varianten. Deadpool er ein antihelt i Marvel universet, og har tilnamnet «The merc with a mouth». Han skulle bli ein ny Wolverine, men noko gjekk gale under prosessen. Resultatet blei ein rappkjefta kar med meir enn ei skrue laus, og med ein imponerande regenereringsevne. Særs underhaldande etter mi meining!

Speaker of the Dead av Orson Scott Card

Denne kjøpte mannen min til seg sjølv, men eg kjem nok til å lesa den etter han. Dette er bok to i Ender Saga, ein sci-fi-serie, der fyrste boka er Enders Game. Her likte eg og godt bok ein, og ser fram til å lesa neste i serien.

Dette blei ein bokfangs hovudsakleg beståande av oppfølgjarar i seriar eg likar, eg håper likevel at det var noko her som kunne behaga deg, kjære lesar. 🙂

Advertisements