Kategori: Boka på vent

Boka på vent: Seierherrene av Roy Jacobsen

Det er tirdag igjen, og faktisk litt sol ute! Greit med litt avbrekk frå regnet kjenner eg. 🙂

Tirsdag er tid for ei bok på vent hjå Beathes bokhylle. Denne veka er boka på vent hjå meg Seierherrene Roy Jacobsen. Eg blei heilt forelska i De Usynlige, som han ga ut i fjor, og det gjorde at eg blei nyfiken på resten av forfattarskapet hans.

Seiersherrene

Seierherrene tek føre seg arbeidarklassen i førre århundre, men uten å glorifisera. Me får fylgja ei kvinne og hennar familie frå Helgelandskysten 1927 fram til Oslo 1990. Seierherrene var gjennombrotsromanet til Roy Jacobsen, og  kom ut i 1991. Det er ikkje måte på med lovord som er blitt ytra om dette verket, mellom anna «Stort bedre har det ikke vært fortalt på denne siden av Hamsun.» (Tiníc Talen, VG). Om eg ikkje var solgt i frå før, så blei eg det i alle fall då. Sult og Markens Grøde er nemleg to av mine favorittbøker. Boka er blitt kalt ein moderne klassikar, og vant Bokhandler prisen, i tillegg til å bli nominert til Nordisk Råds Litteraturpris.

Eg er veldig glad i virkelighetsnære romanar som skildrar arbeidarklasselivet på ein realistisk og vakker måte. Det var det som gjorde at eg blei så glad i De Usynlige, og eg håper på å få ein liknande oppleving når eg les denne boka. I tillegg er eg kanskje litt over gjennomsnittet interessert i arbeidarkamp.

Frå forlaget

Det er arbeiderklassen som skal bli historiens seierherrer, glunt, også her i landet… det er vi fattige jævler som skal arve bruket – skjønna du dæ?.

Spranget fra bestefaren som ror fiske på Helgelandskysten og håper på revolusjon, til brødrene som starter eget datafirma i Oslo to generasjoner senere, er langt. Roy Jacobsen skildrer dette store tidsspennet med en imponerende innsikt og kunnskap.

I romanens brennpunkt står bruddet, eller spranget, i det norske etterkrigssamfunnet: generasjonen som ved hjelp av fedre og mødre skulle komme seg oppover, ut av arbeiderklassen, og som samtidig mer eller mindre vendte ryggen til de verdier som muliggjorde «oppstigningen». Og med Rogern fra Grorud som forteller i bokas andre del har Roy Jacobsen levert en generasjonsroman som vil bli stående.

Boka på vent: Ulvejakt av Hilary Mantel

boken på vent

Ikkje så fælt mykje igjen av tirsdagen no, men eg når det visst akkurat. For tirdag er framleis dagen for Boken på vent hjå Beathes Bokhylle, der ein kan skriva litt om ei bok som ein ynskjer å formidla vidare, enten den er blitt ståande på hylla ei stund, eller er relativt nyoppdaga.

Ulvetid

Vekas boka på vent hjå meg tilhøyrer nok den første kategorien, og er Ulvetid  av Hilary Mantel. Eg kjøpte Falkejakt, som er bind to i serien, på eit «hyllerensk»-salg ein gong i fjor. Dermed måtte eg også anskaffa meg Ulvetid, som då er bind ein, men har altså ikkje kome så langt at eg har fått lest den ennå.

Litt rart i og med at eg har ein fascinasjon for Tudor-tida, som er den epoken denne boka er sett i. Me snakkar altså om ein historisk roman sett til det britiske hoffet på 1500-talet, med Thomas Cromwell som hovudperson. Nam!

Forøvrig vant Hilary Mantel Man Booker prisen for denne romanen i 2009. Må verkeleg få lest den snart.

Korleis er det med deg? Liker du historiske romanar? 🙂