Kategori: Ukategorisert

Lesemål 2015!

Goodreads sitt bilete, ikkje mitt.
Goodreads sitt bilete, ikkje mitt.

Det er eit nytt år med nye moglegheiter, og i år har eg bestemt meg for å gjera noko eg ikkje har gjort før i fullt alvor, nemleg å setta meg eit lesemål. Og her er det:

I 2015 skal eg, Inger Elin Ueland Olsen, lesa 100 bøker!

No har eg bekjente som et slike lesetal til frukost (dykk veit kven dykk er), men for meg er dette ambisiøst, og heilt klart noko å strekka seg etter. Det skal i teorien la seg gjennomføra, då eg tel alt av titlar, både biletbøker, lydbøker, teikneseriar, skjønnlitteratur og fagbøker, men eg er likevel spent på om eg klarer det.

Om du ynskjer å følgja med på korleis eg ligg an mot lesemålet, kan du klikka på fana «Lest i 2015» her på bloggen, samt følgja med på profilen min på Goodreads. (Eg har også ein profil på Bokelskere, men denne synest eg ikkje er like ryddig med tanke på lesemålet.)

Time will show! 🙂

Advertisements

Bøker på vent

Eg har lånt med meg to teikneseriar frå biblioteket:

Biletet er henta frå prisguide.no
Biletet er henta frå prisguide.no
Biletet er henta frå amazon.com
Biletet er henta frå amazon.com

Begge er teikneserieversjonar av bøker eg har lest før, som då er Det Mørke Tårn av Stephen King og A Game of Thrones Av George R. R. Martin. Eg har i seinare tid fått augene opp for teikneserieformatet, og gler meg til å sjå korleis historiane gjer seg i eit nytt format.

Ei ny byrjing

Eit klokare hovud enn mitt sa ein gong at alt nytt er vanskeleg, og eg trøyster meg med dette kvar gong eg skal i gang med noko eg aldri har gjort før. Om det er ny jobb eller, som  i dette tilfellet, å koma i gang med blogging, veit eg at det blir lettare. Det går seg til, som eg plar seia.

Eg har hatt lust til å starta ein bokblogg lenge, men syntest det virka litt skummelt at mine vurderingar av andre sine verk skulle vera på offentleg utstilling. Mykje takka vera ein god kollega (du kan lesa bloggen hennar her), er ikkje dette like skummelt lenger. No hoppar eg i det, så kan vegen bli til mens eg går.

Fyrste bok-myldring kjem snart.  Stay tuned! 🙂