Lesemål 2015!

Goodreads sitt bilete, ikkje mitt.
Goodreads sitt bilete, ikkje mitt.

Det er eit nytt år med nye moglegheiter, og i år har eg bestemt meg for å gjera noko eg ikkje har gjort før i fullt alvor, nemleg å setta meg eit lesemål. Og her er det:

I 2015 skal eg, Inger Elin Ueland Olsen, lesa 100 bøker!

No har eg bekjente som et slike lesetal til frukost (dykk veit kven dykk er), men for meg er dette ambisiøst, og heilt klart noko å strekka seg etter. Det skal i teorien la seg gjennomføra, då eg tel alt av titlar, både biletbøker, lydbøker, teikneseriar, skjønnlitteratur og fagbøker, men eg er likevel spent på om eg klarer det.

Om du ynskjer å følgja med på korleis eg ligg an mot lesemålet, kan du klikka på fana «Lest i 2015» her på bloggen, samt følgja med på profilen min på Goodreads. (Eg har også ein profil på Bokelskere, men denne synest eg ikkje er like ryddig med tanke på lesemålet.)

Time will show! 🙂

The Girl Who Circumnavigated Fairyland in a Ship of Her Own Making – Ein smakebit på søndag 4. januar

smakebit-på-søndag-300x199

Hei og hå! Det er tid for årets fyrste Smakebit på Søndag hjå Flukten fra Virkeligheten, og eg har valt å by ein smakebit frå ei ganske søt barnebok som eg les på for tida, nemleg The Girl Who Circumnavigated Fairyland in a Ship of Her Own Making av Catherynne M. Valente:

TheGirlWho

Kanskje ikkje så overraskande for dei av dykk som kjenner meg, så er dette ei bok i fantasy-gata. Den handlar om 12 år gamle September, som både er ensom og kjeder seg. Dagene er nemleg for like, far kjemper i ein krig langt borte og mor er alltid på arbeid. Difor var ho ikkje akkurat vanskeleg å be då ein Green Wind kjem flygande til vinduet hennar og inviterar ho med til Fairyland. Det viser seg at Fairyland er i trøbbel, og det blir opp til September og reisekameratane hennar å få orden på ting.

I smakebiten er September på veg ut vinduet, etter å ha takka ja til å vera med til Fairyland:

«September climbed out of her kitchen window, leaving a sink full of soapy pink-and-yellow teacups with leaves still clinging to their bottoms in portentous shapes. One of them looked a bit like her father in his long coffee-colored trench coat, gone away over the sea with a rifle and gleaming things on his hat. One of them looked like her mother, bending over a stubborn airplane engine in her work overalls, her arm muscles bulging. One of them looked a bit like a  squashed cabbage.»

Veldig søt og velskreven bok til no, perfekt når ein ynskjer å drøyma seg vekk i ein magisk og ja, eventyr-aktig verden. I tillegg er dette fyrste bok i ein heil serie, med 6 bøker planlagt så lang, der 3 er utgitt og den 4. er venta i år!

Ha ein fortreffeleg søndag alle saman!